Reguleringar for selfangsten i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett retningslinjer for stønad til fartøy som deltek i selfangsten i 2011, og for stønad til selmottak i 2011.

Det er vidare fastsett forskrift om regulering av og rett til å delta i fangst av sel i 2011, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Les også: Vil videreføre reguleringen for selfangst 06.12.2010

Fiskeri- og kystdepartementet har sett av 7,5 mill. kr til ordninga med fartøystønad. Opplegget er i all hovudsak ei vidareføring av fjoråret si ordning. - Næringa blir sikra klare rammer ved å ha eit opplegg som ligg mest mogeleg fast frå år til år, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

I tillegg til fartøystønaden er det sett av 3 mill. kr til ei generell stønadordning for mottak. Ordninga vil vere ei prøveording i 2011, og aktuelle mottak må fylle eit sett med inngangskriteriar for å delta.

Departementet har vidare fastsett forskrift om regulering av og rett til å delta i fangst av sel i 2011. Forskrifta vidarefører i hovudsak forskriftene om regulering og deltaking av selfangsten som gjaldt i 2010. Det er gjort eit redaksjonelt grep ved at dei to forskriftene frå og med 2011 er slått saman til ei forskrift.