Russiske krav til vekter og sporingsutstyr

Russiske grensestyrkar har den siste veka kome med endå fleire krav ved inspeksjon av norske farty i russisk økonomisk sone.

Det siste er krav om sertifikat på vekter i fabrikken og om dokumentasjon på godkjent sporingsutstyr. Fiskeridirektoratet og flåten er ikkje tidlegare gjort kjent med desse krava frå russisk side, melder Fiskebåtredernes Forbund på si heimeside.

Tidlegare i sommar har russiske styresmakter kravd at fartya skal ha lisensdokument om bord og at dei skal ha reiskapssertifikat. Verken desse krava eller dei nyaste er heimla i den norsk-russiske fiskeriavtalen og heller ikkje førehandsvarsla på anna måte, slik prakis krev, skriv Fiskebåtredernes Forbund.

Fiskeridirektoratet har tatt opp krava med russiske styresmakter fleire gonger den siste månaden og arbeider framleis med å få ei avklaring frå russisk side.

Les også: Russland med nye dokumentkrav