Vil styrke samarbeidet

Representantar frå Kystverket og Fiskeridirektoratet har i eit fellesseminar i Ålesund drøfta mellom anna marin arealforvaltning, planlegging og tilsyn.

Formålet er å utvikle eit enda betre samarbeid i saker som omfattar begge etatane, skriv Kystverket i ei pressemelding.

Samkøyre saker og prosessar

– Staten er fragmentert i ulike departement og direktorat som sit med sine ulike sektoransvar. Då er det viktig at vi har slike forum der vi kjem saman for å drøfte korleis ein best muleg kan samkøyre og koordinere seg i felles saker og prosessar, seier avdelingsdirektør Vigdis T. Bye i Kystverket si Kystforvaltningsavdeling.

– Vi ønskjer å utvikle og bevare eit godt samarbeid mellom etatane. Det inneber at vi har klare roller, med kjennskap og respekt for kvarandre sine roller i slike prosessar. Vi bør streve etter tidleg kontakt i prosessane og samarbeide når det er hensiktsmessig, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Utfordringar

Seminaret omfatta ikkje berre Kystverket og Fiskeridirektoratet. Eksterne foredragshaldarar var også inviterte, representantar frå kommunar, fylkeskommunar og konsulentselskap som mellom anna presenterte ulike problemstillingar knytt til planleggingsarbeid i skjeringspunktet mellom hamne- og farvasslova og plan- og bygningslova.

– Etter første dag av seminaret har vi mellom anna notert oss at det er viktig at ein kjem med i prosessane frå starten av, at ein kjem med tydelege og konkrete tilbakemeldingar, samt at ein er samkøyrt og opptrer samla. Det overordna målet må vere å få til effektivisering og forenkling av prosessane, oppsummerar Vigdis T. Bye.