Første kvoteråd i juni

Det internasjonale havforskingsrådet ICES kunngjer den 9. juni fleire kvoteråd for 2012.

Då kjem kvoteråda for torsk, hyse og sei nord for 62. breiddegrad saman med råda for uer og blåkveite. ICES vil då også kome med kvoteråd for lodde ved Island, Jan Mayen og Grønland, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Kvoterådet for lodde vil avgjere om det blir opna for sommarloddefiske ved Island, Jan Mayen og Grønland eller om det vert eit reint vinterloddefiske i 2012 i desse områda.

I slutten av juni, onsdag 29. juni, kjem ICES med sine råd for artane i Nordsjøen.

Til hausten kjem kvoteråda for nvg-sild, kolmule og makrell den 30. september. I oktober kjem kvoterådet for lodde i Barentshavet i 2012, men kunngjeringsdatoen er førebels ikkje fastsett.