Ikkje industriavfallstoff i oljen frå «Full City»

Oljeanalysane avkreftar spekulasjonar om at avfallstoff frå industri kan vere blanda inn i bunkersoljen til «Full City».

Analysane som Molab har gjort av oljeprøvene frå havaristen "Full City" viser at bunkersoljen ikkje inneheld spor av PCB, melder Kystverket.

– Denne oljen er av same kategori som olje vi har handsama i samband med alle større oljevernaksjonar dei siste åra, fortel Morten Hauge, funksjonsleiar miljø i Kystverket si aksjonsleiing.

Det vil seie at denne oljen ikkje inneber større eksponeringsfare for innsatspersonellet.

– Når ein følgjer forholdsreglane i Kystverkets HMS-handbok er eksponeringsfaren for denne oljen liten, seier Hauge.