Berg-Hansen møtte sin danske kollega

Del saken

Fiskeri og kystminister Lisbeth Berg-Hansen var torsdag 26. mai i København og hadde møte med sin danske kollega, fødevareminister Henrik Høegh.

- Danmark er ein viktig partnar for Noreg på fiskeri- og sjømatområdet. Det er nyttig for oss begge at vi kan sette oss ned slik og drøfte saker av felles interesse som forvaltninga av Skagerrak og makrellsaka, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

- Det har også vore interessant å høyre Danmark sine vurderingar knytt til blant anna arbeidet med reforma av EU sin felles fiskeripolitikk, seier Berg-Hansen. 

- Vi hadde konstruktive samtalar og Danmark er ein god medspelar i arbeidet vårt med å få stansa utkast av fisk, avsluttar Berg-Hansen.