Tilrår høgare torske- og hysekvotar

Torsk i oppdrettsmerd. Foto: Per Eide Studio / Norwegian Seafood Council

Grøderikt i Barentshavet: Kvoteråda for 2012 avspeglar dei store mengdene av torsk og hyse i Barentshavet.

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) har no offentleggjort kvoteråda for 2012 for botnfiskbestandane i Barentshavet og langs norskekysten nord for 62° N, melder Havforskingsinstituttet.

Det er nærare 40 år sidan det sist var eit så stort hysefiske som rådet på 318 000 tonn legg opp til for neste år: I 1973 vart det fiska 322 000 tonn hyse, 4000 tonn meir enn det ICES foreslår for neste års kvote.

Det 318 000 tonn store kvoterådet på hyse er fem prosent større enn årets kvote (303 000 tonn).
Framlegget til torskekvote på 751 000 tonn er den høgaste kvoten på 15 år, og åtte prosent høgare enn årets kvote.

Les også: Første kvoteråd i juni 24.05.2011

– Fornuftig forvalting

Gytebestanden er rekordhøg både for torsk og hyse.

– Det ser bra ut. Etter fem år med ei fornuftig forvalting i Barentshavet ser vi no at torske- og hysebestanden er gått kraftig opp, seier forskar Sigurd Tjelmeland frå Havforskingsinstituttet. Han åtvarar likevel mot å tru at bestandane vil veksa inn i himmelen.

– Målingane våre viser at både torske- og hysebestanden byrjar å minka i åra som kjem, seier Tjelmeland.

Nedgang for sei, stabilt for blåkveite

For sei nord for 62 N er kvoterådet 164 000 tonn, fem prosent lågare enn årets kvote på 173 000 tonn. For blåkveite er kvoterådet 15 000 tonn, som er det same som den avtalte årlege kvoten for perioden 2010–2012.

Ikkje direktefiske av uer og kysttorsk

For snabeluer, vanleg uer og kysttorsk tilrår ein at det ikkje skal vere noko direkte fiske, og at bifangst i andre fiskeri skal haldast så låg som råd er.

For kysttorsk tilrår ein at den nye planen for attreising av bestanden skal følgjast, neste års reguleringar er her avhengige av resultata frå kysttorskundersøkingane til hausten.

Kvoteråd frå ICES for 2012 for arktiske bestandar

Her følgjer ei oversikt over kvoteråda for bestandane av nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk sei, blåkveite, kysttorsk nord for 62 grader nord, snabeluer og vanleg uer:

Nordaustarktisk torsk
Tilrådd kvote 2012: 751 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 703 000 tonn
Avtalt kvote 2011: 703 000 tonn
Les meir hos Havforskingsinstituttet

Nordaustarktisk hyse
Tilrådd kvote 2012: 318 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 303 000 tonn
Avtalt kvote 2011: 303 000 tonn

Norsk kysttorsk nord for 62° N
Tilrådd regulering 2012: Følgje planen for attreising
Tilrådd kvote 2011: 0
Avtalt kvote 2011 : 21 000 tonn

Nordaustarktisk sei
Tilrådd kvote 2012: 164 000 tonn
Tilrådd kvote 2011: 173 000 tonn
Avtalt kvote 2011: 173 000 tonn

Snabeluer
Tilrådde reguleringar 2011: Vern av yngel, ikkje direkte trålfiske og låg bifangst i andre fiskeri
Tilrådde reguleringar 2012: Det same som for 2011
Avtalt kvote 2011 for direkte fiske i internasjonalt farvatn: 7 900 tonn

Vanlig uer
Tilrådde reguleringar i 2012: Det samme som for 2011
Tilrådde reguleringar i 2011: Forbod mot direkte fiske etter vanleg uer i ICES områda I og II

Nordaustarktisk blåkveite
Tilrådd fangst 2012: under 15 000 tonn
Tilrådd fangst 2011: under 13 000 tonn
Avtalt kvote 2012: 15 000 tonn