Tilbyr fagbrevkurs for erfarne fiskarar

Dei fiskerifaglege opplæringskontora i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal tilbyr fagbrevkurs for fiskarar med lang erfaring.

Erfarne fiskarar får tilbod om å formalisere sin erfaring og kunnskap gjennom eit modulbasert kurs hausten 2011. Målet er fagbrev i løpet av 2012.

Dei vidaregåande skulane med fiskerifagleg opplæring vil stå for det faglege innhaldet. Skulane er Måløy vgs, Herøy vgs, Ålesund vgs og Fræna vgs., opplyser Fiskerifagleg Opplæringskontor i Møre og Romsdal (FiskOK) i ei pressemelding.

Kurset er delt opp i 3 samlingar (50 timar undervisning). Desse vert undervist etter ein rulleringsplan, slik at fiskaren skal kunne delta på den modulen som høver med friperioden, uavhengig av kvar han eller ho bur i dei to fylka.

Kvifor ta fagbrev?

Marknaden stiller stadig høgare kvalitetskrav til matvarer. Dokumentert høg fagleg standard vil vere eit konkurransefortrinn for alle partar i fiskerinæringa. Fiskarar som tek fagbrev får dokumentert den lange erfaringa og kompetansen sin. Dette vil vere med på å auke statusen til næringa, framhevar FiskOk i meldinga.

Formelle krav til deltakarane:
• Har ikkje nytta retten til 3-årig vidaregåande opplæring tidlegare.
• Er 25 år eller eldre
• Bur i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal

Kurset vil vere gratis om det kjem i gang.