Får status som Arenaprosjekt

Del saken

Næringsklyngjene Arena Maritime CleanTech West i Hordaland og Arena Ocean of Opportunities i Rogaland får status som Arenaprosjekt.

- Regjeringa satsar offensivt på å bidra til å utvikle eit moderne og konkurransekraftig norsk næringsliv i heile landet. Fleire sterke og nyskapande næringsklyngjer er eit sentralt viktig ledd i regjeringa sin politikk for auka verdiskaping og busetjing, heiter det i ei pressemelding frå Nærings- og handelsdepartementet. 

Arenaprogrammet tilbyr finansiell og faglig støtte til langsiktig utvikling av regionale næringsmiljø. Formålet er å stimulere til økt innovasjon basert på samarbeid mellom bedrifter, FoU og utdanningsmiljø og offentlige utviklingsaktørar.

Arena programmet er eit nasjonalt program som er eigd av Innovasjon Norge, Norges forskingsråd og SIVA med Innovasjon Norge som hovudansvarleg for gjennomføring av programmet.

Seks nye næringsklyngjer får status som arenaprosjekt

Statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, Hege Solbakken og statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, Hallvard Ingebrigtsen, gav tysdag 14. juni seks lovande regionale næringsklyngjer status som nye hovudprosjekt i Arenaprogrammet.

Dei seks nye Arenaprosjekta er:
•  Arena Maritime CleanTech West, Hordaland
•  CWN Vannklyngen, Vestfold
•  Lønnsomme vinteropplevelser, Troms
•  Smart Water Communities Cluster, Trøndelag
•  Arena Smart Grid Services, Trøndelag
•  Arena Ocean of Opportunities, Rogaland
 
- Noreg treng sterke næringsmiljø med vekstkraftige bedrifter i framtida. Det må leggjast til rette for nyskaping og innovasjon i alle næringar i heile landet. Regjeringa jobbar difor for å få fram fleire sterke regionale næringsklyngjer, som også er viktig for å skape fleire kompetansearbeidsplassar i heile landet, seier statssekretær Hege Solbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Dei seks nye Arenaprosjekta er spanande og nyskapande klyngjer i framtidsretta næringar med stort potensiale for vidare vekst og utvikling. Det er særleg interessant at fleire av dei Arenaprosjekta som er valde ut  i år, er innanfor det nye satsingsområdet miljøteknologi, seier Solbakken.
 
1,5 -2 millionar til kvar klyngje

Den statlege finansieringsramma for Arenaprogrammet er i 2011 på 37 millionar kroner. For kvar klyngje kan dette utgjere 1,5 - 2 millionar kroner i årleg støtte.
 
- Bedrifter må delta på den internasjonale konkurransearenaen for å kunne overleve i framtida. Moglegheitene for dette er ofte større når bedriftene samarbeider i nettverk om innovasjon, kompetanseutvikling og internasjonalisering. Arenaprogrammet skal hjelpe til med utvikle langsiktige samarbeid, seier statssekretær Hallvard Ingebrigtsen i Nærings- og handelsdepartementet.

Maritim miljøteknologi og bedrifter i havbruksnæringa

Det eine prosjektet er innanfor den maritime næringa, medan eit anna prosjekt er knytt til havbruksnæringa. Les meir om dei to prosjekta her:
 
Arena Maritime CleanTech West
Klyngja samlar bedriftsaktørar innanfor den maritime næringa på Sørvestlandet. Gjennom Arena-prosjektet vil bedrifter, FoU- og utdaningsinstitusjonar samarbeide om utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av maritim miljøteknologi. Bedriftene ønskjer på ein offensiv måte å møte stadig strengare miljøkrav og utfordringar knytt til framtidig tilgang til og prisauke på fossile brennstoff.
 
Arena Ocean of Opportunities
Både store og mindre bedrifter innan utvikling og produksjon av fiskefor, oppdrettsbedrifter og leverandørindustri tek del i dette Arenaprosjektet. Dei vil samarbeide i nettverk med regionale FoU- og kunnskapsmiljø om å leggje eit fundament for ei bærekraftig havbruksklyngje i framtida.

Les meir om dei andre prosjekta her: Seks nye næringsklyngjer får status som Arenaprosjekt 
 
Sjå heimesida til Arenaprogrammet her: arenaprogrammet.no