Nye avdelingsdirektørar i FKD

Del saken

Geir Evensen og Ole-David Stenseth er i statsråd utnemnde til nye avdelingsdirektørar i Fiskeri- og kystdepartementet.

Geir Evensen

Geir Evensen skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.
 
Evensen vil få fagleg leiaransvar for oppgåver i seksjon for juss og økonomi. Seksjonen har særleg ansvar for dei rammevilkåra som skal leggje til rette for lønsemd og utvikling i fiskeflåten, samstundes som dei skal støtte opp under det samla arbeidet for ei langsiktig biologisk berekraftig fiskerinæring, skriv Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) i ei pressemelding. 

Evensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1993. Han har vore konstituert som avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet si avdeling for havbruk, sjømat og marknad sidan september 2010. Der har han leia det internasjonale laget. Han har vore tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 1993, og har arbeidd i ulike stillingar i avdelinga for havbruk, sjømat og marknad heile perioden, med unntak av åra 2007-2010 då han var fiskeriråd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel. 

Les også: Geir Evensen ny avdelingsdirektør 17.09.2010
Les også: - Bærekraftig akvakultur med fiskemel 29.03.2010

Ole-David Stenseth

Også Ole-David Stenseth skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.
 
Stenseth vil få fagleg leiaransvar for oppgåver knytt til vervet som kvalfangstkommissær i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) i. Han vil være knytt til havmiljøseksjonen, som har ansvaret for arbeidet med/ koordinering av miljøsaker i departementet. Sentrale område er areal- og verneplanprosessar, vassforskrifta, forvaltningsplanar for havområda, klima, sjøpattedyr, biologisk mangfald, olje/fisk/miljø og internasjonale havmiljørelaterte organisasjonar og prosessar.
 
Stenseth er 47 år, han er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo og har vore tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 2000. Frå 2008 har Stenseth hatt sjøpattedyrspørsmål som hovudansvar. I 2008 vart han formann i Den nordatlantiske sjøpattedyrorganisasjonen (NAMMCO). Stenseth har vore kvalfangstkommissær etter at dette vervet vart overført frå Utanriksdepartementet til Fiskeri- og kystdepartementet tidlegare i år.