ICES foreslår å redusere neste års seikvote i Nordsjøen. Kvoterådet er på 87 544 tonn, som er ein nedgang på litt over 15 000 tonn frå 2011-kvoten.
ICES (Det internasjonale rådet for havforsking) har nyleg kome med sine kvoteråd for dei viktigaste bestandane i Nordsjøen. Råda omfattar torsk, sei, hyse, kviting, raudspette og augepål i Nordsjøen.
Les også: ICES foreslår økt kvote for nordsjøsild 07.06.2011
– Dårleg rekruttering
Seien er den viktigaste botnfisken for det norske fiskeriet i Nordsjøen. I år kan norske fiskarar fiska nærare 50 000 tonn sei i Nordsjøen. Neste år vert kvoten redusert, dersom rådet frå ICES vert teken til følgje.
Rekrutteringa til bestanden av sei har vore under middels dei siste 5 åra. I 2009 sank rekrutteringa til eit rekordlågt nivå, melder Havforskingsinstituttet.
– Kraftig reduksjon
Irene Huse, som er forskar på Havforskingsinstituttet, fortel at det ikkje kunne gjerast bestandsvurdering for sei i 2010 på grunn av manglande data frå 2009.
– Årets bestandsvurdering viser at gytebestanden, som har vore større enn føre var grensa på 200 000 tonn i perioden 2001 til 2008, no er redusert til 106 000 tonn, som er kritisk grense for bestanden, seier Irene Huse.
Auke for kviting, hyse og raudspette
Når det gjeld kviting, hyse og raudspette har ICES foreslått noko større kvotar. For torsk i Nordsjøen er kvoterådet om lag som i fjor.
For augepål er det kome eit kvoteråd på 6000 tonn. Rådet gjeld for 2011 og er ei oppdatering av anbefalinga om nullfiske som kom i oktober 2010.
Les også: Mindre tobiskvote og ingen øyepål 26.10.2010
Kvoteråd frå ICES for 2012 for bestandar i Nordsjøen
Her følgjer ei oversikt over kvoteråda for bestandane i Nordsjøen:
Nordsjøsild
Anbefalt kvote 2012: 230 000 tonn i direktefisket
Anbefalt kvote 2011: 188 900 tonn i direktefisket
Avtalt kvote 2011: 183 461 tonn i direktefisket
Torsk i Nordsjøen
Anbefalt kvote 2012: 31 800 tonn konsumlandingar
Anbefalt kvote 2011: 32 240 tonn konsumlandingar
Avtalt kvote 2011: 32 240 tonn konsumlandingar
Sei i Nordsjøen
Anbefalt kvote 2012: mindre enn 87 544 tonn landingar
Anbefalt kvote 2011: 103 000 tonn landingar
Avtalt kvote 2011: 103 000 tonn landingar
Kviting i Nordsjøen
Anbefalt kvote 2012: 24 300 tonn konsumlandingar
Anbefalt kvote 2011: 12 700 tonn konsumlandingar
Avtalt kvote 2011: 21 100 tonn konsumlandingar
Hyse i Nordsjøen
Anbefalt kvote 2012: 41 575 tonn landingar
Anbefalt kvote 2011: 36 000 tonn landingar
Avtalt kvote 2011: 36 000 tonn landingar
Raudspette i Nordsjøen
Anbefalt kvote 2012: 84 410 tonn konsumlandingar
Anbefalt kvote 2011: 73 400 tonn konsumlandingar
Avtalt kvote 2011: 73 400 tonn konsumlandingar
Augepål
Anbefalt kvote 2011 (råd i juni 2011): maks 6 000 tonn
Anbefalt kvote for 2011 (råd i oktober 2010): 0 tonn
Anbefalt kvote for 2010 (råd i juni 2010): 434 000 tonn
Tidlegare i sommar har ICES kome med kvoteråd for arktiske bestandar.
Les også: Tilrår høgare torske- og hysekvotar 10.06.2011