Bestanden av hummar er trua langs norskekysten. Difor går ei rekkje offentlige etatar denne veka til ein omfattande aksjon mot ulovleg hummarfiske.
Det er totalforbod mot hummarfiske frå januar til oktober. Likevel er hummarbestanden langs norskekysten på eit historisk lågt nivå og rapporteringar viser at det illegale fisket aukar i omfang i sommarferien. Både lokalbefolkning, tilreisande turistar og feriegjester utan kunnskap og/eller respekt for regelverket står bak. I distrikta driv dessutan lokale utøvarar eit utstrakt hummarfiske – eit fiske som truleg vert utført av ei mindre gruppe, men med større grad av profesjonalitet, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Bevaringstiltak
Fleire tiltak er sett i verk for å auke bestanden (minstemål, fluktopningar, fredingstid, og så vidare), men effekten har vore liten, opplyser direktoratet.
Informasjonskampanje og politiaksjon
Bak aksjonen står Fiskeridirektoratet, ØKOKRIM saman med ni politidistrikt (Østfold, Follo, Oslo, Asker og Bærum, Søndre Buskerud, Vestfold, Telemark, Agder og Rogaland) og Kystvakta, Statens Naturoppsyn, Skjærgårdstjenesten, Friluftsetaten og Oslomarka fiskeadministrasjon.
Målet med aksjonen er å redusere ulovleg hummarfiske gjennom allmennprevensjon, allmennopplysing ved utdeling av informasjonsmateriell og å avdekke ulovlege forhold, både ved beslag av utstyr og på fersk gjerning.
Utover sommaren 2011 skal det vere fleire kontrollar med det ulovlege fisket av hummar.
«Hummar - hugseliste»
Informasjonskampanjen frå Fiskeridirektoratet er retta mot fritidsfiskarar, for å informere om kva for reglar ein må ta omsyn til under fredingstida:
- Forbod mot ruser
Sidan ruser er ein effektivt fangstreiskap for hummar, er det innført eit generelt forbod mot å bruke alle typar ruser på strekninga frå svenskegrensa til og med Møre og Romsdal i perioden frå 1. mai til 1. oktober.Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan gje dispensasjon frå ruseforbodet til fiskarar som skal fiske leppefisk for omsetnad.
- Krav til krabbeteiner
Krabbeteiner skal ha minst ein sirkelforma fluktopning på kvar side av teina. Opningane skal være minst 80 millimeter i diameter og skal vere plasserte på ein slik måte at hummaren lett kan ta seg ut. Slike fluktopningar held tilbake vaksen krabbe, men sikrar at hummar har muligheit til å røme frå krabbeteina.Denne regelen gjeld krabbeteiner som er sett ut på strekninga mellom svenskegrensa og til og med Tysfjord kommune i Nordland fylke.
Krabbeteiner skal setjast på minimum 25 meters djup. Denne regelen gjeld frå svenskegrensa til og med Varnes fyr på Lista.
- Slepp hummaren laus
Dersom du likevel får hummar, skal du løyse den forsiktig frå reiskapen og sleppe den ut att i sjøen.
Reglar for hummarfiske i perioden 1. oktober – 31. desember, finn du på fiskeridir.no.