Fiskeri- og kystdepartementet skal etablere ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom problemstillingane knytt til kystfisket i sør.
Statssekretær Kristine Gramstad deltok fredag den 12. august på Langesundkonferansen, som har sett fokus på forvaltninga av dei marine ressursane i Skagerrak.
I innlegget sitt snakka statssekretæren om behovet for berekraftig forvaltning, og ho varsla at det skal etablerast ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom problemstillingane knytt til kystfiske i sør på eit breitt grunnlag. Alle relevante interessegrupper vil bli involvert, skriv departementet i ei pressemelding.
– Både ressurssituasjonen og konfliktane mellom ulike interessegrupper, viser at vi så langt ikkje har lukkast i å etablere robuste og langsiktige forvaltningsregime for kystfisket i sør. Vi vil derfor opprette ei arbeidsgruppe for å gjennomgå dei ulike problemstillingane, seier statssekretær Kristine Gramstad.
– Arbeidsgruppa skal både beskrive situasjon slik han er i dag, og komme med forslag til reguleringstiltak, seier Gramstad.
Departementet sender no ut invitasjon til ei rekkje organisasjonar, om å delta i arbeidet, og tek sikte på at arbeidsgruppa skal vere ferdig med arbeidet til sommaren 2012.