Vil endre havressurslova

Fiskeri- og kystdepartementet gjer framlegg om å endre havressurslova, for å leggje betre til rette for aktørar innan kystkultur.

– Vi har eit ansvar for å ta vare på og byggje opp kystkulturen vår. Mange organisasjonar tilbyr i dag turistar og andre gjester opplevingsturar som viser tradisjonane og kulturen vi har innan fiske. Det er viktig å leggje til rette for desse aktørane, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Les også: – Fiske skal formidle kulturhistorie 30.06.2011

Vi innføre høve til dispensasjon av omsyn til kystkultur

Fartøy som ikkje er førte opp i merkeregisteret til Fiskeridirektoratet, kan i dag berre nytte avgrensa typar fiskereiskapar.

Eit høve til å gje dispensasjonar, vil gjere det mogleg for aktørane å nytte også andre typar reiskapar i tilbodet sitt til turistar og andre gjestar, skriv departementet i ei pressemelding.

Fiskeri- og kystdepartementet har no sendt på høyring eit framlegg til endring av reglane om reiskapsavgrensingar for fartøy som ikkje er merkeregistrerte.

Framlegget går ut på å endre § 22 i lov av 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), for å gjere det mogleg av omsyn til kystkulturen, å dispensere frå dei generelle reiskapsavgrensingane i denne lova.

Det er ein føresetnad at det vert ført ein streng praksis med kven som skal få slik dispensasjon. I framlegget er det lagt opp til at dispensasjon berre skal bli gjeve til museum, foreiningar, stiftingar og liknande, som har som særskilt formål å fremme og ta vare på kystkultur, opplyser departementet.

Det er vidare gjort framlegg om at dispensasjon berre skal bli gjeve i «særskilte tilfelle» dersom fiske med den omsøkte reiskapen er «nødvendig» for å fremme kystkulturformål.

Høyringsfristen er sett til den 18. november 2011.

Les meir
Endring av havressurslova - saksoversyn