– Undergrev fiskeriforvaltinga

– Island og Færøyane undergrev fiskeriforvaltinga i Nord-Atlanteren, hevdar Fiskebåtredernes Forbund.

– Fiskebåtredernes Forbund reagerer svært sterkt på den måten Island og Færøyane tar seg til rette på i makrellfisket. I flåten er det stor frustrasjon over at Færøyane og Island har mangedobla kvotane utan forankring i internasjonale avtalar, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

– Piratfiske

– For Færøyane sin del er det ekstra skjerpande at dei har brote forvaltingsavtalen dei var ein del av og leiger inn farty frå andre nasjonar for å klare å fiske den skyhøge kvoten landet på eiga hand har fastsett. Det dreier seg om eit reint piratfiske, som til dels også skjer med farty som er svartelista av internasjonale fiskeristyresmakter, seier Roaldsnes i ei pressemelding.

– Det er svært alvorleg at Island og Færøyane undergrev forvaltinga av fiskeressursar i Nord-Atlanteren og internasjonalt fiskerisamarbeid gjennom eit totalt uansvarleg og uregulert makrellfiske. Det kan ikkje godtakast at ansvarlege fiskarar i Noreg og EU må betale for det uakseptable islandske og færøyske makrellfisket. Det er viktig at styresmaktene i Noreg og EU har ei fast haldning framleis i denne saka og finn fram til tiltak som tvingar Island og Færøyane til å kome til forhandlingsbordet med ei realistisk haldning til kva kvotar dei kan oppnå. Eg forstår svært godt den sterke frustrasjonen blant lovlydige norske fiskarar over at piratfisket til Island og Færøyane får pågå utan følgjer for dei ansvarlege i år etter år, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.

– Same taktikk som i Smuttholet

– Det er viktig at EU og Noreg ikkje premierer uansvarlege nasjonar, ved at dei oppnår fordelar gjennom si uansvarlege framferd. Island brukar same taktikk som i Smuttholet i Barentshavet, der dei dreiv eit fritt og uregulert torskefiske, sette torskebestanden i fare og trua til seg torskekvotar, noko som gjekk ut over Noreg og Russland, påpeikar Roaldsnes.

– Ein liten del av makrellbestanden er på gjestevisitt i Islands økonomiske sone og ser ut til å vere på veg ut av sona, slik forskarane har trudd. Det islandske fisket stadfestar dette, gjennom lågare fangstratar, trass i at innsatsen i fisket er auka. Tida arbeider difor mot Island, og for bestanden, uttaler Roaldsnes.

– Overfiske av sild bryt sildeavtalen

– Makrellfisket til Færøyane og Island har eit stort innslag av norsk vårgytande sild. Informasjon frå dette fisket tyder på at ein del av silda blir oppgitt som makrell. På den måten blir ikkje sildekvoten belasta, samstundes som dei ”dokumenterer” større fangstar av makrell enn det som er reelt, seier Roaldsnes.

Han peikar på at Island, og spesielt Færøyane, med dette bryt sildeavtalen gjennom sitt overfiske av sild og at dette må få følgjer for deira høve til å fiske sild i norsk økonomisk sone. Roaldsnes legg til at han konstaterer at mange fiskarar på Færøyane er bekymra over den uansvarlege og populistiske framferda til færøyske styresmakter.

– Foten må settast ned

Roaldsnes understrekar at han er tilfreds med at fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen er prinsippfast og på line med fiskerinæringa i desse spørsmåla.

– Noreg og EU har strekt seg langt for å oppnå ei avtaleløysing. Foten må settast ned og stå fjellstøtt. Statsråden har rett i at uansvarleg framferd ikkje må premierast, då ville vi vere på ville vegar, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.