Vernar 800.000 kvadratkilometer havbotn

Del saken

Med ei ny forskrift går Noreg føre i arbeidet for å verne sårbar havbotn mot fiske med botnreiskap.

800.000 kvadratkilometer havbotn, eller 38 prosent av alle norske farvatn, er no verna. Til samanlikning er Noregs fastlandsareal om lag 324.000 kvadratkilometer.

Alle fiskeri set eit fotavtrykk, det vil seie at dei påverkar habitat (marine organismar sine leveområde) og økosystem. Spesielt habitata og økosystema på djupt hav er utsette for varige skadar.

Forskrift om regulering av fiske med botnreiskap i Noregs økonomiske sone, fiskerisona rundt Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard tredde i kraft 1. september. Med bakgrunn i ”føre-var–tilnærminga” definerer reglane all havbotn djupare enn 1000 meter som sårbar. På slik botn kan fiskereiskap føre til stor skade på habitata på botnen, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

– Med dei nye reglane er sårbare habitat på havbotnen i store delar av Norskehavet verna mot skade. Noreg har gått føre ved å innføre reglar som gjev same vern for sårbare habitat i eit heilt havområde som er delvis nasjonalt og delvis internasjonalt farvatn. Området dekker til saman om lag 1.118.000 kvadratkilometer, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

- Det er viktig at Noreg følgjer opp den oppfordringa som er komen frå FN om å beskytte sårbare marine botnhabitat mot øydeleggjande fiskemetodar. Samtidig er det viktig at vi følgjer opp det arbeidet Noreg alt gjer i dei regionale fiskeriorganisasjonane. Når vi no har fått på plass eit nytt regelverk basert på same metodar som vi bruker internasjonalt, styrkjer dette det norske arbeidet på fiskerisektoren generelt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

Les også: Regelverk for å beskytte sårbare bunnhabitater på høring 08.07.2009

Strenge krav

Før dei nye reglane tredde i kraft var det tillate å fiske med reiskapar som rører botn på slike djup. No er slikt fiske ikkje tillate utan eit spesielt løyve, og det blir stilt strenge krav for å utskrive eit slikt løyve. Blant anna skal det leggjast fram detaljerte planar for prøvefisket, der det skal gå fram korleis skade på sårbare habitat og økosystem skal unngåast. Det skal sendast detaljerte rapportar til Fiskeridirektoratet, som òg kan påleggje fartøya å ha observatør om bord. I tillegg til botntrål omfattar reglane òg fiske med garn og line.

I samarbeid med fiskarane

– Gjennom sine innspel i arbeidet med forskrifta, har organisasjonane til fiskarane teke ansvar og bidrege til det gode resultatet. Slikt samarbeid med aktørane i næringa er ein føresetnad for å gjere norske fiskeri endå meir berekraftige samstundes som vi tek vare på dei muligheitene for utvikling som finst, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Flytteplikt for fiskefartøy 

Den nye forskrifta beskyttar òg sårbare habitat på grunnare vatn enn 1000 meter. Frå 1. september skal det om bord på alle fiskefartøy førast nøye oversikt over kontakt med sårbare habitat under fiske heilt inn til fjæresteinane. For kvar fiskeoperasjon skal det bereknast om det har vore ein samanstøyt med eit sårbart habitat på botnen. Dersom det kjem opp meir enn 60 kilo levande korall eller 800 kilo levande svamp, må fartøyet rapportere hendinga til Fiskeridirektoratet og flytte seg minst 2 nautiske mil før fisket kan takast opp att.

– Sårbare habitat på havbotnen finst mange stader og vi treng ytterlegare kunnskap om kor dei er. Dei nye reglane vil gje oss meir kunnskap samstundes som flytteplikta gjev habitata eit betre vern enn i dag. Kunnskapen om kor habitata er skal spreiast til næringa, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Byggjer på internasjonale reglar

I 2006 oppfordra FN verdas fiskerinasjonar om å verne sårbare marine habitat på havbotnen mot øydeleggjande fiskemetodar. Dei to regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane i det nordlege Atlanterhavet, Den nordøstatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) og Den nordvestatlantiske fiskerikommisjonen (NAFO) har vedteke reglar for å beskytte sårbare habitat på botnen mot øydeleggjande fiskeriaktivitet.

Botnhabitat i Smutthavet, det vil seie den delen av Norskehavet som er internasjonalt farvatn er dermed allereie beskytta av NEAFC sine reglar. Området dekkjer om lag 318.000 kvadratkilometer. Dei nye norske reglane byggjer på reglane til denne organisasjonen, opplyser Fiskeridirektoratet.
 
Les meir
•  Vern av sårbare marine økosystem - kart (pdf)
•  Forskrift om regulering av fiske med bunnredskap (Lovdata)

Relaterte artiklar
•  Kartla sårbare naturtyper på dypt vann 17.04.2010
•  Korallrev får økt beskyttelse 28.01.2010
•  Tre nye korallområder beskyttes mot bunntråling 30.11.2009