Tilrår ikkje overvakingsfiske etter håbrann

Del saken

Fiskeridirektøren vil ikkje tilrå at det vert etablert eit overvakingsfiske etter håbrann.

Fiskeridirektøren finn derimot å kunne gå inn for vekeavrekning på uunngåeleg attåtfangst av pigghå for konvensjonelle fartøy, melder Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet vart i 2010 bedne av Fiskeri- og kystdepartementet om å utforme eit forslag om lisensiert overvakingsfiske etter pigghå og håbrann frå 2011.

Etter at direktefisket etter håbrann vart forbode, har årlege norske landingar lagt på omkring 10 tonn. Dette kvantumet vert rekna som uunngåeleg attåtfangst av håbrann.

Les også: Forbod mot pigghå, håbrann og brugde 20.12.2010

- Uforsvarleg

- Dersom eit overvakingsfiske vert sett i gang, vil det kunne medvirke til minst ei dobling av landingane. Ei slik auke er ikkje forsvarleg i den situasjonen bestanden av håbrann synes å vere i for tida, meiner fiskeridirektøren.

Fiskeridirektøren tilrår heller ikkje at det vert sett i gang eit overvakingsfiske etter pigghå, men peikar samstundes på at det er avdekka eit klart behov for meir informasjon om bestanden.

Ei av dei tilgjengelege kjeldene som ein kan dra nytte av for å få slik informasjon, utan samstundes å utnytte bestanden ekstra, er informasjon om attåtfangst henta frå sluttsetelstatistikken.

Vekeavrekning

For å betre overvakinga av bestandssituasjonen tilrår fiskeridirektøren difor at Fiskeri- og kystdepartementet innfører ei vekeavrekning på uunngåeleg attåtfangst av pigghå.

Fiskeridirektøren tilrår at tillaten attåtfangst vert sett til 20 prosent og at denne avreknast av samla fangst per veke, etter same ordning som gjeld mellom anna i reguleringa av fisket etter uer med konvensjonelle reiskap.