Store mørketal for fritidsfisket

Del saken

Fiskeridirektoratet vil ikkje overføre «resterande» kvotar frå ungdoms- og rekreasjonsfisket til yrkesfiskarane.

Fiskeri- og kystdepartementet har avsett 7 000 tonn torsk til ungdoms- og rekreasjonsfisket. Hittil i år er det registrert 1 341 tonn fiska og omsett av denne kvoten, og for 2011 vil dette registrerte fritidsfisket truleg utgjere cirka 1 500 tonn torsk, melder Fiskeridirektoratet.

- Store mørketal

Mange fiskarar spør kvifor Fiskeridirektoratet ikkje overfører dei resterande 5 500 tonna til yrkesfiskarane.

Årsaka til at kvotar ikkje vert overført, er at avsetninga til rekreasjonsfiske, i tillegg til det registrerte fritidsfiske på cirka 1 500 tonn for 2011, omfattar både fritidsfiske som ikkje er registrert og turistfiske.

– Det er store mørketal for fritidsfisket som vert drive av andre enn turistane, og som ikkje er registrert nokre stader, seier seniorrådgivar Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet sin reguleringsseksjon.

Berekning av turistfiske

Turistfisket er av Havforskingsinstituttet berekna til å vere 1 613 tonn torsk nord for 62° Nord. Dette estimatet baserer seg berre på turistfiskebedrifter, som Havforskingsinstituttet sjølv har registrert og som i 2009 var 435 bedrifter.

– Men instituttet understrekar sjølv at dei ikkje har ei totaloversikt over alle turistfiskebedrifter, seier Ottemo.

I tillegg er det eit betydeleg tal på turistfiskarar som ikkje leiger seg inn i registrerte turistfiskebedrifter, men som bur hos private hytteeigarar, i eigne campingvogner eller liknande.

Det er med andre ord to grupper av turistfiske som ikkje er omfatta av Havforskingsinstituttet sitt estimat; uregistrerte turistfiskebedrifter og privat innkvartering.

– Det er difor gode grunnar til å anta at den samla fangsten av torsk i rekreasjonsfisket er minst 7 000 tonn, og det er difor heller ikkje aktuelt å overføre til yrkesfiskarane sin torskekvote, seier Ottemo.

Relaterte artiklar
•  Rapport om turistfiske i sjø på høring 19.09.2011
•  Fisketuristane slepp torsken ut igjen 11.06.2011
•  Turistfiske i sjø foreslås innstrammet 30.06.2011
•  Forsker på nye kystnæringer 14.06.2011
•  Fisketuristane fangar mindre enn venta 04.06.2011