Styrka beredskap mot akutt forureining

Del saken

Statsbudsjettet: For å styrkje beredskapen mot akutt forureining, foreslår regjeringa å auke løyvinga til beredskap mot akutt forureining med 15 millionar kroner i budsjettet for 2012.

- Den auka løyvinga skal gå til å styrkje grunnberedskapen langs kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår å auke løyinga til oljevernberedskapen med 15 millionar kroner i 2012. Dette kjem i tillegg til auken på 25 millionar kroner som kom i 2011.

Les også: - Ansvarlig budsjett viktig for kysten 06.10.2011

Kystverket la sommaren 2011 fram ein ny miljørisiko- og beredskapsanalyse. Analysen viser at det er nødvendig å styrkje kommunane si evne til hjelpe til under statlege aksjonar. 

Den føreslåtte auken i løyvinga vil bidra til at kommunane og dei interkommunale utvala mot akutt forureining vil få tilgang til utstyrsdepot med nødvendig utstyr for å aksjonere raskt ved større hendingar, heiter det i meldinga.

Utstyr frå dagens mellomdepot skal overførast til kommunane, og det vil bli sett i gang innkjøp av nytt utstyr.

Les også: Har utført miljørisiko- og beredskapsanalyse 11.07.2011

Hoveddokument
Proposisjon nr. 1 S (2011 - 2012) Fiskeri- og kystdepartementet