Styrker Havforskingsinstituttet

Del saken

Havforskingsinstituttet er godt nøgde med framlegget til Statsbudsjett for 2012.

- Vi er godt nøgde med Regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett for 2012. Det gir oss gode arbeidsvilkår, seier forskingsdirektør Ole Arve Misund ved Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Botnkartleggingsprosjektet MAREANO vert styrka med 12 millionar på Havforskinga sitt budsjett. Aukinga skal brukast til å kartleggje det tidlegare omstridde området ved avgrensingslina mot Russland. Alt i alt vert prosjektet styrka med 36 millionar.

Les også: Økt bevilgning til MAREANO-programmet 06.10.2011

Det er også sett av 4 millionar til kvalteljing på instituttets budsjett, pengar som tidlegare er budsjettert gjennom Noregs forskingsråd.

Om lag halvparten av Havforskingsinstituttet sine inntekter kjem over Statsbudsjettet. Resten konkurrerer vi om, og dei seinare åra har instituttet hatt større inntekter (og utgifter) til slike prosjekt enn det som har lagt i Statsbudsjettet. Dette vert korrigert i 2012-budsjettet ved at både spesielle driftsutgifter og oppdragsinntekter vert auka med 63 millionar kroner på drift av instituttet og tilsvarande 12,5 millionar på drift av forskingsfartøya.

– Dette kan fort få folk til å tru at vi har fått ein gigantisk vekst, men det er altså ei tilpassing til realitetane, seier Misund.

Nansenprogrammet

Gjennom snart 40 år har Havforskingsinstituttet hatt eit utstrekt utviklingssamarbeid. I framlegget til neste års Statsbudsjett vert utviklinga av økosystembasert fiskeriforvalting i Afrika gjennom EAF, omtalt som Nansenprogrammet.

Det vert føreslege å auka tildelinga til fagleg samarbeid, og auken i bidraget til Afrika skal gå til styrka forvalting av havressursar under Nansenprogrammet. I tillegg vurderer norske styresmakter fortløpande å utvikle bistandsarbeidet for å hjelpe land med å etablere betre system for forvalting og ressurskontroll.

Marbank

Fiskeri- og kystdepartementet føreslår også at Marbank, som i dag er organisert som et prosjekt under Universitetet i Tromsø, vert organisert inn under Havforskingsinstituttet. Havforskingsinstituttet og Universitetet i Tromsø får ansvar for å avklare samarbeidsform.
  

Stilling ledig