Vil ha ny utgreiing om skipstunnel

Del saken

Etter 17 store utgreiingar om Stad skipstunnel, vil regjeringa ha endå ei ny utgreiing. No er fiskeriministeren i tvil om båtane vil treffe holet i fjellet i dårleg vêr.

Eksterne kvalitetssikrarar har gått gjennom den siste rapporten frå Kystverket som vart lagt fram i januar i år, men no blir resultatet endå ei runde i byråkratiet.

– Det har med å gjere om båtane faktisk treff holet, eller straumforhold eller bølgjeforhold, både utanfor og inni tunnelen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) til NRK.

– Er det ikkje litt merkeleg at dette spørsmålet dukkar opp no?

– Det kan ein seie. Tunnelen er jo absolutt tenkt brukt i dårleg vêr, og då burde den kunne brukast i slikt vêr også. Eg er i alle fall veldig glad for at dette vart avdekka no, slik at vi kan få utgreia det, seier Berg-Hansen. Den nye utgreiinga vil tidlegast bli ferdig i første kvartal i 2012.

Les også: Presiseringer om Stad skipstunnel 20.01.2011
Les også: Konseptvalutgreiing Stad skipstunnel 20.01.2011

- Berre sprøyt

Det siste utspelet i saka provoserar både politikarar og erfarne sjøfolk.

– Det går ikkje an å fortelje eventyr til folk som har vore på sjøen i alle sine dagar. Dette er trenering, rasar tidlegare redningsskøyteskipper, Magne Sætren i Måløy.

– Dette er berre sprøyt. Det er nok eit forsøk på uthalingstaktikk, seier stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik (FrP) til Sunnmørsposten.
 
Han meiner det er meir enn nok av utgreiingar frå før.

– Det er brukt millionar av kroner på utgreiingar, og ein prøver stadig å finne på nye grunnar til ikkje å gå vidare med prosjektet, seier Nesvik til avisa.

Krev svar

Leiar i prosjektgruppa som arbeider med Stad skipstunnel, Kristin Maurstad, fryktar at prosjektet kan ende opp som ein rein parodi, skriv NRK.

– Det er ein fare for at heile prosjektet vert latterleggjort når det blir så mange utgreiingar, seier Maurstad, som også er varaordførar i Vågsøy kommune som representant for Ap.

No krev ho eit klart svar frå regjeringa.

– Stad skipstunnel ligg inne i dagens Nasjonal Transportplan med ei startløyving, men med den føresetnaden at tunnelen er samfunnsøkonomisk nyttig. Dette må vi no få eit svar på, seier Maurstad til NRK.

– Det veit eg ikkje noko om i dag. Men på generelt grunnlag vil eg seie at dersom vi berre skal byggje det som reknast som samfunnsøkonomisk nyttig, så er det nok mange prosjekt som ikkje ville blitt bygde, seier Berg-Hansen til nettstaden.

Les også: Utset Stad skipstunnel 14.05.2010 
Les også: Ikkje pengar til skipstunnel 13.10.2009