Nye modellar for bestandsberekningar

Enkle modellar med færrast mogeleg fiskeridata er lette å ta i bruk, men tek til gjengjeld ikkje opp i seg kompleksiteten i havet.

Store modellar med høge datakrav speglar samanhengane i havet på ein god måte, men er som oftast altfor kompliserte til også å kunne seie noko fornuftig om framtida, det vil seie om korleis ein fiskebestand vil utvikle seg.

Vil utvikle enklare og betre modellar

– Vi må finne ein balanse som gjer modellane våre i stand til både å gjenskape det vi ser og å spå om framtida, seier forskar Sam Subbey på Havforskingsinstituttet.

Forskarane byggjer sine kvoteråd på bestandsberekningar med mange og skiftande storleikar, usikre fakta og kompliserte modellar. Aukande datatilfang og meir sofistikerte målemetodar har gjort berekningane stadig meir avanserte utan at dei nødvendigvis er blitt meir presise.

No snur forskarane på flisa: Dei arbeider med å utvikle modellar som er enkle nok til at dei lett kan spore opp feil som skuldast data og hypotesar, melder Havforskingsinstituttet (HI).

Aldri kontroll på alt

Sett på spissen er det berre ein måte å vite nøyaktig kor mykje fisk som er i havet: Tømme det for vatn og telje fisken.

– Folk vil helst ha eksakte svar, men det er absurd i ei dynamisk verd. I havet er det mange forhold vi ikkje har kontroll over. Vi kan aldri observere alt, men må også synse, seier Sam Subbey.

I pose og sekk

Sam Subbey er forskar med matematisk bakgrunn. Han arbeider mellom anna med å utvikla modellar for bestandsberekningar, som er enklare og meir pålitelege enn dei vi har i dag. Intuitivt kan det verke som ein utopi med enklare modellar, i ei verd der datamengda aukar og det stadig kjem meir avanserte metodar for datainnhenting. Men Subbey har tru på at det lèt seg gjere.

– Mengde data er aldri synonymt med mengde informasjon. I havet vil observasjonsrommet alltid vere mykje større enn det vi er i stand til å måle. Og uansett kor nøyaktig innsamlinga har vore vil dei innsamla data til ein viss grad alltid vera usikre. Heller enn å samla inn stadig meir data, bør ein spørje seg korleis vi skal får meir og betre informasjon ut av dei data vi har og korleis vi skal få oversikt over usikkerheita i dei innsamla data, seier han.

– Må finne balansen

Enkle modellar med minimale datakrav er lette å ta i bruk, men tek til gjengjeld ikkje opp i seg kompleksiteten i naturen. Dermed vert kvoteråda i sin tur for enkle og i verste fall heilt misvisande. Store modellar med høge datakrav speglar naturen på ein god måte, men er som oftast altfor kompliserte til også å kunna seie noko fornuftig om framtida.

– Jo meir informasjon ein har, jo vanskelegare blir det å ta eit enkelt val. Vi må finne ein balanse som gjer modellane våre i stand til både å gjenskape det vi ser og å spå om framtida, seier Subbey.

ADMAR-prosjektet

Samstundes minner Subbey om at dei data som modellane byggjer på er usikre. Feil som skuldast usikkerheit eller mangelfull informasjon i data, vil forplante seg i modellane og vidare gjennom heile prosessen. I verste fall kan feila føre til at forskarane bommar kraftig i sine bestandsberekningar og kvoteråd. Denne problematikken vert det jobba med i ADMAR (Adaptive management of living marine resources by integrating different data sources and key ecological processes).

– Heile prosessen fram mot eit bestandsberekninga vert vurdert for å finne ut kvar skoen trykkjer. Vi drøftar også kva som er dei mest avgjerande faktorane i estimeringa av bestandsstorleikane, slik at innsatsen på desse områda kan styrkast, fortel Subbey.

Risikovurderingar og konsekvensar

Til sjuande og sist er det politikarane som avgjer korleis fiskebestandane skal forvaltast. På bakgrunn av kvoteråda frå forskarane, bestemmer politikarane nøyaktig kor mange kilo torsk, hyse eller sei dei meiner det er forsvarleg at fiskarane tek opp det følgjande året.

I ADMAR vert det arbeidd med ei ny form for kvoterådgjeving. Målet er å gje politikarane råd som viser kva konsekvensar låg, middels eller høg utnytting får for bestanden. Slik vert politikarane i større grad enn i dag, klar over risikoen dei tek om dei til dømes set kvotane høgare enn det forskarane rår til.

– Vi kan ikkje gje sanninga, men syne kva som mest venteleg vil skje ved ulike scenario. Slik kan politikarane ta ei avgjerd og vite følgjene av det valet dei tek, seier Subbey. Han peikar på at fiskeriforvaltinga ligg langt etter når det gjeld å ta i bruk risikovurderingar og sannsyn. Både i petroleumsnæringa og forsikringsbransjen har ein arbeidd etter desse kriteria i mange år allereie.

Meir om bestandsberekningar
Når forskarane skal berekne fiskebestandane vurderer dei først og fremst:

  • Kor mykje fisk som døyr som følgje av fiskeri (haustingsgrad).
  • Forholdet mellom mengda fisk i havet og det som blir fiska. Dette inkluderer også kunnskap om korleis dei ulike alders- og storleiksgruppene av fisk er fordelte (haustingsmønster).
  • Den totale mengda av kjønnsmoden fisk (gytebestanden).
  • Kor mykje yngel og ungfisk som bidrar til bestanden (rekruttering).

Data kjem frå eigne forskingstokt og frå kommersiell fangst. Akustikk, ekkolodd og manuelle målingar er blant metodane som vert tekne i bruk. (Kjelde: Havforskingsinstituttet).