Startskot for strategi «Hav21»

Arkivfoto av forskningsfartøyet «G.O. Sars». Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen lanserte i dag starten for arbeidet med strategi «Hav21», med føremål å gjere Noreg til verdsleiande på havforsking.

– Noreg er eit havland, og vi er gode på marin forsking. Men vi skal bli endå betre. Difor startar vi Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvalting.

Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho i dag lanserte starten av arbeidet med strategien under Havdagen i Oslo.

– Havet vårt har et enormt potensiale, og spelar ei nøkkelrolle for alt frå framtidig tilgang til trygg og sunn mat, fornybar energi, helse og velferd og endringar i miljøet nasjonalt og internasjonalt. Samtidig er det uutforska mulegheiter i havet som kan bli særs viktige gjennom blant anna marin bioprospektering, sa Berg-Hansen.

Berekraft og framtidig verdiskaping

Men havområda våre omfattar også unike område som er viktige å bevare, og blir utsette for press. Berekrafta til hav- og kystområda blir utfordra. Miljø- og klimaendringar og auka utnytting av hav- og kystområda forsterkar behovet for kunnskap.

– Havområda våre er ei skattekiste. Forsking er nøkkelen til å få opp potensialet som ligg der. Strategien Hav21 skal teikne opp korleis Noreg bør innrette den samla marine forskingsinnsatsen for å fremje både berekraft og framtidig verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i havet, sa fiskeri- og kystministeren.

Hav21 vil få ei ekstern styringsgruppe der representantar frå næring, forvalting og kunnskapsmiljø skal delta. Styringsgruppa får i oppgåve å utarbeide ein rapport med tilrådingar til departementa, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Gruppa vil bli leia av Liv Monica Stubholt. Forskingsrådet skal vere sekretariat for arbeidet.