Maria Damanaki til Noreg

Del saken

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen får besøk av EU sin fiskerikommissær Maria Damanaki.

Dei skal møtast i Bergen til politiske samtaler og møte med Fiskeridirektoratet og avsluttar med eit besøk i fiskerikommunen Austevoll, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Måndag 17. oktober besøkjer kommissær Damanaki og Berg-Hansen Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen, for å bli orientert om marin forsking, rådgiving og forvaltning knytt til berekraft i norsk fiskeri og havbruk. 

Tysdag 18. oktober skal Berg-Hansen og Damanaki ha politiske samtaler om saker av felles interesse innanfor fiskeri og havbruk. Deretter dreg dei til Austevoll for å besøkje forskingsstasjonen til Havforskingsinstituttet og for å møte representantar for fiskeri- og havbruksnæringa i Austevoll.

Måndag 17. oktober skal fiskerikommissær Maria Damanaki også ha møte med miljøvernminister Erik Solheim og utanriksminister Jonas Gahr Støre i Oslo.

Berg-Hansen deltok nyleg på Austevollseminaret 2011 i Austevoll.

Les også: - Sjømatnasjonens lyse framtid 10.10.2011
 

Stilling ledig