Samarbeid om beredskapen i Arktis

Internasjonalt samarbeid skal styrke oljevernberedskapen i Arktis.

Dei åtte medlemslanda i Arktisk Råd skal møtast i Oslo 17.-18. oktober, for å drøfte korleis ein kan samarbeide om handteringa ved omfattande akutt forureining i Arktis, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

– Internasjonalt samarbeid om beredskap mot akutt forureining er viktig for å styrke beredskapen i Arktis. Vi har gode erfaringar frå andre internasjonale konvensjonar og avtalar om beredskap mot akutt forureining, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Utanriksministermøtet i Arktisk Råd vedtok i Nuuk i mai i år å etablere ei oppdragsgruppe under norsk, amerikansk og russisk leiarskap, for å utvikle eit internasjonalt samarbeid om oljevern for Arktis.

Ambassadør Karsten Klepsvik i Utanriksdepartementet har den norske leiarskapen i dette arbeidet. Eit førebels eller endeleg resultat vil bli presentert på det neste utanriksministermøtet våren 2013.

– Eit betre samarbeid om oljevern kan gjere det enklare for Noreg å trekkje inn relevante internasjonale beredskapsressursar ved omfattande akutt oljeforureining i havområda våre, seier fiskeri- og kystministeren.

Avdelingsdirektør Petter Meier i Fiskeri- og kystdepartementet leiar den norske delegasjonen.

Les også: – Må ha samarbeid om beredskap i Arktis 10.06.2011
Les også: Konstruktivt møte mellom kyststatene 31.03.2010