Bodskapen er utkastforbod

Måndag møtte representantar frå Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet EU-kommissær Maria Damanaki og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Bodskapen frå forvaltarar og forskarar til EU-kommissæren er utkastforbod.

Damanaki har sett i gang ein revideringsprosess av EUs fiskeripolitikk der utkastforbod vil bli ei radikal endring i fiskeripolitikken dersom dette punktet vert vedteke.

Les også: Norge og EU drøftet felles utfordringer 19.10.2011
Les også: – Et viktig forslag til reform av EUs fiskeripolitikk 18.07.2011

Uregistrerte tap

Både direktør Aksel R. Eikemo i Ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet og forskingsdirektør Reidar Toresen i Havforskingsinstituttet peikte på dei store tapa utkast av fisk representerer. Eikemo drog mellom anna fram at den store utfordringa for forvaltarane er å undersøke alle former for fiskeri for å finne alle mogelege årsaker til uønska fiskedød, som til dømes utkast, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

– Forbodet mot utkast er ein hjørnestein i vår regulering saman med opning og stenging av fiskefelt og bruken av selektive reiskapar. Vi får av og til spørsmål frå mellom anna våre kollegaer i EU om denne reguleringspolitikken verkar. Då dreg vi fram oversikta over veksten i bestandane i Norskehavet og Barentshavet, og viser at reguleringane så absolutt verkar, seier Aksel R. Eikemo.

– Får fort trøbbel

Også forskingsdirektør Reidar Toresen peikte på underrapportering, mellom anna som følgje av utkast av uregistrert fisk, som eit alvorleg problem.

– Dersom berre deler av fangstane blir rapportert i forhold til avtalt tillate totalkvantum (TAC), vil dette skape inntrykk hos forskarane at fiskedødelegheita som følgje av fisking er mindre enn den er. Då vil vi fort få trøbbel, var den klare beskjeden frå Reidar Toresen til EU-kommissæren.