Det er rådet Havforskingsinstituttet får frå ein internasjonal komité som har evaluert ordninga med referanseflåte.
Samstundes føreslår komiteen ei rekkje tiltak for å styrkje og synleggjere dette prosjektet, som byggjer på tillit mellom fiskarar og forskarar, melder Havforskingsinstituttet.
Referanseflåten vart etablert med havgåande fartøy i 2001 og med kystfartøy i 2005. Bakgrunnen for etableringa var å få tilgong til datamateriale direkte frå fiskeflåten. Instituttet hadde trong for å få inn tilstrekkeleg med biologiske prøvar fordelt på område, årstid og reiskap til å kunne berekne fangst, både landingar og utkast, av fisk av ulik alder og storleik til bruk i berekningar av bestandane.
– Kostnadseffektiv datainnsamling
Fartøya som er med i Referanseflåten er representative for den norske fiskeflåten, og leverer regelmessig detaljert informasjon til instituttet. Ordninga er finansiert gjennom bruk av forskingskvotar.
– Me har utvikla ein innovativ og kostnadseffektiv datainnsamling frå kyst- og havfiskefartøy, seier Kjell Nedreaas som har vore sentral i arbeidet frå starten.
– Frå dag 1 har me brukt desse informasjonane i våre berekningar av fiskebestandane, og det var hovudmålet med ordninga. I tillegg har vi styrka dialogen med næringsutøvarane, og det i seg sjølv er svært nyttig for oss forskarar, understrekar han.
Evalueringa av Referanseflåten vart gjennomført av ein komité på sju personar frå internasjonale vitskapelege miljø og dei viktigaste interessegruppene.
Komiteen tilrår at prosjektet med ein referanseflåte vert ført vidare med nødvendige forbetringar. På bakgrunn av dette vil Havforskingsinstituttet no fornye den havgåande delen av Referanseflåten i ein periode på 4–6 år, med til saman 20 fartøy i ti ulike flåtekategoriar. Utlysinga kjem på Doffin med søknadsfrist 11. november. Utlysing og fornying av Kystreferanseflåten kjem våren 2012.
Fakta om Referanseflåten 2011
- 16–17 store, havgåande fartøy.
- 20–21 mindre kystfartøy (9–15 m), hovudsakeleg garnfartøy.
- Fartøya er valde på bakgrunn av reiskap, fiskeaktivitet og geografi.
- Målet er å ha ein flåte som er representativ for heile fiskeflåten.
- Det vert lagt vekt på at fartøya skal ha eit godt rykte og vere opptekne av å ta vare på fiskeressursane.
- Kvote på 900 tonn torsk, 515 tonn blåkveite, 780 tonn sild, 1120 tonn makrell, 80 tonn hyse, 4250 tonn lodde og 1570 tonn kolmule.
- Samla landingsverdi for desse kvotene er berekna til 45,4 millionar kroner.
- 62 prosent blir betalt ut til fartøya for å dekke kostnadene ved å fange og selje fisken.
- Resterande 38 prosent går til administrasjonskostnader, utstyr og betaling til Referanseflåten for å ta prøver og sende inn data.
- I 2010 representerte fiskeria Referanseflåten deltok i ein verdi på rundt 13,3 milliardar kroner.
Kjelde: Havforskingsinstituttet