Augepål i Nordsjøen slit med stor dødelegheit og dårleg rekruttering. For neste år har ICES gjeve råd om nullfangst av bestanden.
ICES, det internasjonale råd for Havforsking, har kome med sitt kvoterådråd for augepål, melder Havforskingsinstituttet.
– Augepål er ein sentral næringsart i økosystemet. Derfor er det viktig at vi tek vare på eksisterande bestand, seier forskar Else Torstensen frå Havforskingsinstituttet.
Kvoteråd i to omgangar
Rådet gjeld for første halvår av 2012. Rådet for andre halvår kjem i juni 2012.
For andre halvdel av inneverande år vart det gjeve eit kvoteråd på 6 000 tonn øyepål. For første halvdel var rådet nullfangst.
Augepål
Anbefalt kvote 2012: ingen fangst
Anbefalt kvote 2011: 6 000 tonn
Les også: Ingen kvote for augepål i 2011 17.12.2010
Les også: Mindre tobiskvote og ingen øyepål 26.10.2010