Noregs forskingsråd har tildelt 48 millionar kroner til å samle marine data frå 17 norske institusjonar.
Havforskingsinstituttet leier arbeidet som skal gi saumlaus tilgong til alle norske marine data og dermed bidra til å effektivisere og styrke både norsk og internasjonal havforsking, melder Havforskingsinstituttet.
Data frå over 100 år med havforsking
– Dette er ei uvurderleg satsing for marin forsking, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, som gratulerer Havforskingsinstituttet med prosjektet.
Noreg sit på ein skatt av innsamla marine data frå meir enn 100 år med havforsking. Men denne informasjonen er spreidd hos ei rekkje institusjonar og på ei rekkje ulike dataformat. Den planlagde felles dataportalen vil gi norske og internasjonale forskarar tilgang til denne enorme mengda data. Det vil gi unike moglegheiter for vidare forsking.
– Målet er å laga ein portal der alle brukarar får tilgong til den enorme mengda med marine data som er samla inn gjennom langt over hundre år, seier Helge Sagen som leier Norsk marint datasenter ved Havforskingsinstituttet.
– Me legg opp til ein distribuert database som inneber at vi ikkje skal samle alle data fysisk, men gjere dei tilgjengelege gjennom ein eigen portal og i same form, fortel Sagen.
– Dette prosjektet har me arbeidd med sidan 2008, og i dag er me veldig stolte over at det no vert ein realitet, seier administrerande direktør ved Havforskinga, Tore Nepstad.
– Marine data er grunnlaget for all vår rådgiving, og det faktum at alle aktørar som samlar inn slike data no opnar opp og deler med kvarandre, inneber at vi vert enno betre i stand til å forvalta denne juvelen i norsk marin forsking.
Les også: Klimabøye erstatter værskip 11.10.2011
Les også: Ny database for forskningsdata 08.12.2010
83 millionar kroner
I tillegg til dei 48 millionane frå Noregs forskingsråd går samarbeidspartnarane inn med eigendelar, slik at prosjektet totalt får ei ramme på 83 millionar kroner.
– Dette er grunnlaget for eit historisk samarbeid. At så mange partnarar med ei så stor samling data får til eit forpliktande samarbeid, trur eg er unikt, seier Helge Sagen.
Prosjektet startar i mars 2012.
Dei 17 institusjonane i samarbeidet er:
- Havforskingsinstituttet
- Meteorologisk institutt
- NTNU, Biologisk stasjon, Trondheim
- Christian Michelsen Research
- Forsvarets forskingsinstitutt
- Universitetet i Nordland
- Universitetet i Bergen
- Universitetet i Tromsø
- Universitetet i Oslo/CEES
- Nansensenteret
- Norges geologiske undersøkelse
- Norsk polarinstitutt
- Norsk institutt for vannforskning
- Norsk institutt for naturforskning
- Statens kartverk Sjø
- Akvaplan-NIVA
- UNI Research – UNI Bjerknes
Les også: Sjøsatte overvåkningsfarkost 27.09.2011