MSC-sertifisering av torsk og hyse

Del saken

Miljøsertifisering av nordaustarktisk torsk og hyse fiska innanfor 12 nautiske mil vart klar denne veka.

- Prosessen har vore sterkt forseinka og den endelege godkjenninga av det kystnære fisket etter torsk og hyse vert difor svært godt mottatt i næringa, seier direktør Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) i ei pressemelding.

Med meldinga om sertifisering av torsk og hyse innanfor 12 nautiske mil, er det klart at all nordaustarktisk torsk og hyse er MSC-sertifisert. Den norske torskekvoten i Barentshavet er i 2012 på heile 339.857 tonn. Torskebestanden i Barentshavet er i svært god forfatning og gytebestanden er i dag på eit rekordhøgt nivå. Den norske kvoten for hyse i Barentshavet er på vel 150.000 tonn.

- Noreg fremst på MSC 

Noreg er den fiskerinasjonen i verda som har flest miljøsertifiserte fiskeri og alle dei store kommersielle fiskeria her til lands kan no smykke seg med MSC-logoen. Fokuset på berekraftige fiskeri er langt sterkare i marknadene ute i Europa enn det vi opplever her heime, opplyser FHL.

Mykje av dette skuldast dei utfordringane EU har med sine eigne fiskeri. Det er difor i fleire marknader naudsynt, særleg innanfor handelen, å ha ein nøytral tredjepart som kan godkjenne eit fiskeri som berekraftig for i det heile tatt få plass i butikkhyllene.

- Noreg er ein leiande leverandør av sjømat globalt, og det er vår plikt å forvalte våre ressursar på ein berekraftig måte, seier miljøansvarleg i Eksportutvalget for fisk (EFF), Ingrid Dahl Skarstein, i ei pressemelding. Kombinasjonen mellom miljøansvar og økonomisk berekraftige fiskeri, gjer den norske forvaltningsmodellen effektiv.

Fiskeria som no er sertifiserte etter MSC-standarden er nordaustarktisk hyse, nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk sei, nordaustarktisk makrell, norsk vårgytande sild, nordsjøsild og nordsjøsei.

- Heile næringa står bak

- Ei samla norsk næring har stått bak alle sertifiseringsprosessane som har vore gjennomførte for norske fiskeri. Ein er dermed sikra at alle som fiskar på bestanden, tilverkar og eksporterar kan bruke sertifiseringa, seier Ystmark.

Meir om MSC
MSC er ein uavhengig, internasjonal, ikkje- kommersiell organisasjon som har utvikla sertifiseringsstandardar og ei miljømerkeordning forberekraftige og godt forvalta fiskeri. MSC er i dag det globalt leiande miljømerket for villfisk. MSC-sertifiseringa er basert på ein omfattande tredjepartsrevisjon av fiskeriet, gjennomført av eit akkreditert sertifiseringsbyrå.