Satsar på marin bioteknologi

Marin bioteknologi vert trekt fram som eitt av fire satsingsområde i regjeringa sin strategi for bioteknologi.

Regjeringa sin strategi for bioteknologi har som mål at bioteknologi skal takast i bruk for å styrkje nasjonal verdiskaping og helse, samt ivareta miljøet. Strategien skal følgjast opp med løyvingar på over 175 millionar kroner årleg.

– Bruk av marine ressursar gir oss nye mulegheiter for verdiskaping i Noreg. Dyktige folk og teknologi kan gjere oss verdsleiande, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i samband med lanseringa av regjeringa sin nye strategi for bioteknologi.

Noreg har sju gonger så stort havareal som landareal, og produksjonspotensialet i hava er framleis lite utnytta på mange område. Med den nye strategien for bioteknologi ønskjer regjeringa å styrke verdiskaping i Noreg med utgangspunkt i ressursane i havet.

– Den sterke stillinga internasjonalt som norsk havbruk har i dag, er eit resultat av målretta forsking og næringsutvikling gjennom mange år. Det er viktig både for konkurransekrafta vår og for omdømmet vårt at Noreg vidareutviklar rolla si innanfor marin bioteknologi, seier Lisbeth Berg- Hansen i ei pressemelding.

Nye område

Eitt av dei nye områda er dyrking av tare. Noreg har dei største bestandane av tare i Europa. 50 millionar tonn er eit overslag. Tare har svært gode vekstforhold langs den kalde kysten vår. Energibehovet i verda er venta å auke med 100 prosent. Dersom ein får til å dyrke tare i Noreg kan tare bli kjelde til berekraftig bioenergi, heiter det i meldinga.

Den marine ingrediensindustrien er basert på fornybare ressursar og er no i ferd med å vekse seg stor. Omega-3 frå marine oljar har utvikla seg raskt innanfor ein global helsemarknad i vekst. Satsing og nytenking har ført til at Noreg no har ein betydeleg industriaktivitet basert på reinsing, raffinering og foredling av marine oljar.

Moderne bioteknologi er også teken i bruk i lakseavl. Ved analysar av arvestoffet har ein funne deler av genomet som er viktig for motstandskraft mot spesielle sjukdommar. Ei blodprøve kan då fortelje om stamfisken har denne eigenskapen utan at ein må undersøkje avkommet. Arvematerialane til både laksen, lakselusa og torsken er kartlagde etter initiativ frå norske forskarar. Gjennom dette har Noreg eit internasjonalt fortrinn i å forstå biologien til produksjonsfisken og vidareutvikle ei berekraftig oppdrettsnæring der moderne bioteknologi utgjer ein positiv forskjell.

– Marin bioteknologisk forsking vil i framtida spele ei avgjerande rolle for å sikre trygg og sunn sjømat og nye produkt basert på ressursane i havet, seier Berg-Hansen.

Les meir
Nasjonal strategi for bioteknologi - Strategi 2011-2020 (PDF)
Strategi for bioteknologi: Skal gi mer verdiskaping (Kunnskapsdepartmentet)