– Feil å prioritere ferskt framfor fryst

Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) reagerar på dei nye tiltaka som Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett med formål å styrkje fiskeindustrien.

– Fryst råstoff er ein viktig sysselsettingsfaktor i den landbaserte fiskeindustrien her i landet og minst like viktig som leveransar av fersk fisk. Det blir difor feil når departementet vil prioritere ferskt råstoff framfor fryst, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.

Bakgrunnen er reguleringane i fisket etter torsk, hyse og sei som Fiskeri- og kystdepartementet fastsette torsdag 15. desember. Det meste av reguleringsopplegget er som venta, men Roaldsnes reagerer på forslaget om ei bonusordning for levering av ferskt råstoff.

– Liknande tiltak har vore prøvd tidlegare med nedslåande resultat. Fiskebåt er likevel positiv til å drøfte tiltak for å oppnå auka bearbeiding i Noreg av både ferskt og fryst råstoff, seier Roaldsnes.

– I ein situasjon med rekordhøge torskekvotar og stor tilgang på råstoff burde ikkje styresmaktene prioritere fersk- framfor fryst-leveransar. Arbeidsplassar her i landet som har utspring i fryst råstoff er etter mitt syn like verdfulle som dei med grunnlag i ferskt råstoff, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåt.

Les også: – En viktig julegave til fiskeindustrien 16.12.2011
Les også: – Tar grep for utvikling av fiskeindustrien 16.12.2011