Atlantic Viking under slep etter brann

Del saken

Trålaren Atlantic Viking frå Ålesund er no under slep frå Bjørnøya til Tromsø, etter at det sundag morgon braut ut brann i maskinrommet.

Oppdatert

Atlantic Viking låg 20 mil sør for Bjørnøya då det kom røyk frå maskinrommet. Årsaka til brannen er ikkje kjendt, men mykje tyder på at brannen skal ha starta på eit brennstoffrøyr, melder NRK Møre og Romsdal.

Maskinrommet inneheld framleis gass frå sløkkesystemet - slik at det førebels ikkje har vore råd å undersøke området der det har brent, opplyser NRK sundag kveld. Ein av maskinistane fekk røyk og moderate brannskadar, men resten av mannskapet er uskadde.

Kystvaktskipet Andenes låg 20 minutt unna Atlantic Viking, og kom forholdsvis raskt til staden og fekk evakuert 12 av mannskapet, samt sett slepar om bord. Seks av mannskapet er att om bord i Atlantic Viking under slepet til Tromsø.

- All maskinkraft på Atlantic Viking er borte, og skipet produserer heller ikkje straum. - Det er svart skip, opplyste reiar Rolf Giske til NRK sundag.

NRK har mandag kome med ei oppdatering: Slepet inne ved midnatt