Ny kystnotbåt til Bremanger

Sjarkfiskar John-Roar Grotle har saman med «Frøybas»-reiarlaget kjøpt kystnotbåten «Fugløyfjord» frå Troms. Nye «Havrand» er allereie komen i fiske på kysten av Nordland.

John-Roar Grotle i Bremanger i Sogn og Fjordane sel kystsjarken og går i kompaniskap med «Frøybas»-reiarlaget i Kalvåg om å satse vidare med ein kystnotbåt, skriv Firdaposten.

Fiskerettane frå kystsjarken «Havrand» vert overført til tidlegare «Fugløyfjord», som er kjøpt brukt i Troms og som har overteke namnet «Havrand».

Fiskefartøyet vart bygd i 2002, er 25,3 meter lang, er bygd både for snurrvad og snurpefiske, har ein lastekapasitet på 168 m3, og er innreia for eit på åtte personar.

­- Vi har lagt inn ein del fiskerettar frå «Frøybas» også, fortel Ronny Larsen i Kalvåg til avisa.

Måndag låg båten i Bodø. Planen er at dei skal fiske seg sørover og det er difor uvisst kor tid båten blir å sjå i Bremangertraktene.