KV Barentshav døypt i Fosnavåg

Mykje folk hadde møtt fram laurdag, då finansminister Kristin Halvorsen døypte det nye kytsvaktfartøyet KV Barentshav.

– Eg er glad for å ha mogelegheita til å vere her i dag saman med dykk og fått døype dette moderne og miljøvenlege skipet, sa Halvorsen i si tale etter dåpsseremonien, skriv Herøynytt.

– Vi skal vere stolte over kva vi kan få til i Norge og her når ein brukar kunnskap og erfaring som er bygd over mange år og samtidig løyse nye utfordringar, heldt Halvorsen fram, som avslutta med å gratulere og takke alle som har bidrege til skipet, samt alle oppmøtte i Fosnavåg.

– Med overtakinga av KV Barentshav har vi oppnådd ein milepæl i moderniseringa i kystvakta, fortalte Kystvaktsjef Arild-Inge Skram, som synest det eit stort øyeblikk for han på vegne av Forsvaret og Sjøforsvaret å overta KV Barentshav som er det fyrste fartøyet i ein serie på tre, skriv Herøynytt.

Følg lenkja ovanfor for å lese meir, samt sjå bilete.