Vil ha konsesjonsordning for seismikkskip

Del saken

Fiskebåtredernes Forbund ønskjer at det vert innført ei konsesjonsordning for seismikkskip i NØS, for å oppnå betre kontroll med korleis seismikkaktiviteten vert utøvd.

- Fiskebåt meiner det er behov for ei konsesjonsordning for skip som vil skyte seismikk i Norsk Økonomisk Sone (NØS).

Det sa styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i sin opningstale til representantskapsmøtet i Oslo i formiddag.

- Ei slik ordning kan gi betre kontroll over denne aktiviteten og regulere den slik alle interesser blir tatt betre vare på. Gjennom ei konsesjonsordning kan vi få knesett korleis dei skal operere og kva for avstand dei skal halde i forhold til fiskeriaktivitet, sa Roaldsnes.

Han beklaga at seismikkindustrien ikkje er med i ETT HAV, ein ny arena for dialog mellom oljeindustrien og fiskerinæringa. Det er særleg seismikkaktiviteten som er mest konfliktfylt i forhold til fiskeflåten, sa Roaldsnes.

Roaldsnes kom inn på ei rekkje andre aktuelle tema som makrellkonflikten med Island og Færøyane og flåtefornying.

- I 2011 vart det kontrahert 9 trålarar og 7 ringnotfartøy for levering i år og i 2013. Dette viser at vi er på rett veg når det gjeld fornying i denne delen av flåten. Eit skår i gleda er at alle trålarane i praksis skal byggjast og utrustast ved utanlandske verft, medan 2 ringnotfartøy blir bygd i Danmark, sa Roaldsnes.

- Ei av årsakene til dette er at flåten framleis er utelate frå dei gode finansieringsordningane som annan skipsfart og oljeservice har tilbod om. Dette er ei sak vi har arbeidd mykje med det siste året og vi har god tru på at vi vil bli inkludert i den nye ordninga som skal etablerast i statleg regi til erstatning av ordningane til Eksportfinans og Garantiinstituttet for eksportkreditt. Ved å tilby gunstige rentevilkår også til fiskeflåten vil det stimulere til auka nybygging og til at vi vel å byggje ved norske skipsverft, sa styreleiaren i Fiskebåt, Tore Roaldsnes.

Les heile talen her:
•  Tale til representantskapen i Fiskebåt 1. februar 2012 - Tor Roaldsnes (doc)