Sildekalkulator viser femårsprognose

En sildestim. Illustrasjonsfoto: Havforskningsinstituttet

Med den nye sildekalkulatoren frå Havforskingsinstituttet, kan fiskarar og andre interesserte enkelt rekne seg fram til estimat for sildefangstane dei komande fem åra.

NVG-silda vert forvalta frå år til år basert på råd frå ICES (det internasjonale rådet for havforsking). ICES gjev også ein toårig prognose for gytebestanden og fangstane. Næringa har lenge etterlyst prognosar som går over fleire år enn det ICES bidreg med, skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Graf viser femårsprognose

Det tek mellom fire og fem år før ein årsklasse av norsk vårgytande sild rekrutterer til gytebestanden. Det gjer at forskarane, med utgangspunkt i det dei veit om gytebestanden og rekrutteringa i dag, kan lage relativt sikre framskrivingar fire år fram i tid.

– I den nye nettapplikasjonen kan brukaren sjølv vurdere kva som er sannsynleg silderekruttering, leggje verdien inn i kalkulatoren og ta framskrivinga enno eitt år fram i tid, seier Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarlig for NVG-sild på Havforskingsinstituttet.

Uvisse følgjer med

Stenevik understrekar at det knyter seg uvisse til framskrivingane.

– I tillegg til at framtidig rekruttering er usikker, kan framskrivinga verte ulik den utviklinga ICES etter kvart vil kome til å estimere. Det kjem av at det alltid er fleire element av uvisse i all bestandsberekning.

Han trur likevel næringa vil få god nytte av sildekalkulatoren, som vert oppdatert kvart år.

– Fiskarane kjenner til at det er uvisse knytt til slike framskrivingar, og med det i bakhovudet kan dei danne seg eit godt inntrykk av utviklinga framover med hjelp av kalkulatoren.