Nytt system for stenging og opning av fiskefelt

Fiskeri- og kystdepartementet etablerar eit nytt system for fiskefelta i Nordsjøen og Skagerrak.

– For å beskytte yngel og småfisk, og for å redusere faren for utkast av fisk, blir det no innført eit nytt system for stenging og opning av fiskefelt i Nordsjøen og Skagerrak, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i ei pressemelding.

Undermåls fisk

På representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund onsdag 1. februar, lanserte fiskeri- og kystministeren det nye norske systemet for stenging og opning av fiskefelt i norske farvatn sør for 62°N.

I Barentshavet har det i nærare 30 år vore etablert eit system der fiskefelt blir stengde dersom det er for stor innblanding av undermåls fisk. Den svært positive bestandssituasjonen for norsk arktisk torsk, viser at ein effektiv beskyttelse av ungfisk er ein viktig del av ei berekraftig forvaltning, heiter det i meldinga.

– Den norske forvaltninga er bygd opp rundt tiltak som bidreg til at fiskarane ikkje får uønska fangst, spesielt yngel. Målet er at fisken skal bli stor nok til å vere med i reproduksjonen av bestandane. Det som ikkje kjem om bord vil heller ikkje kunne kastast ut. Eit dynamisk system for stenging og opning av fiskefelt er derfor også ein viktig del av den norske politikken for å hindre utkast av fisk, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Stenging i 2 veker

Systemet i Nordsjøen og Skagerrak skal baserast på prøvetaking av fangstar på feltet, og dersom innblandinga av undermåls torsk, hyse, sei og kviting overstig 15 prosent av fangsten rekna i talet på fisk, vil eit område på inntil 500 kvadratnautiske mil i Nordsjøen og 250 mil i Skagerrak kunne stengast. Etter 14 dagar vil eit stengt felt automatisk bli opna igjen, så framt det ikkje er gjort nye undersøkingar som tilseier at stenginga bør vidareførast.