Roaldsnes attvald i Fiskebåt

På representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund torsdag 2. februar, blei Tore Roaldsnes attvald som styreleiar, med akklamasjon.

Dei andre i styret blei også samrøystes attvalde, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Dermed held Geir Lundberg, Kjell Larssen, Per Magne Eggesbø, Lars Ove Stenevik, Arild Aarvik, Ola Helge Holmøy og Valter Rasmussen fram i styret.

Også ordførar i representantskapet, Paul Harald Leinebø, vart samrøystes attvald.

Roaldsnes er utdanna som fiskeskippar og fiskerikandidat, og har vore styreleiar i Fiskebåt sidan febriar 2010.

Les også: Roaldsnes ny styreleiar i Fiskebåt 05.02.2010

Meir om Fiskebåt
Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) er ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for den norske havfiskeflåten. Rundt 90 prosent av alle havfiskefartøy over 27,5 meter er medlemmar i forbundet. Fiskebåtredernes Forbund vart skipa i 1946. Frå hovudsakeleg å vere en arbeidsgjevarorganisasjon har forbundet vakse til å bli både interesseorganisasjon og arbeidsgjevarforeining for reiarlaga i havfiskeflåten. Fiskebåtredernes Forbund har hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Tromsø og Haugesund/Bergen. (Kjelde: Fiskebåt).