Kvote på 1286 vågekval i 2012

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for fangsten av vågekval i 2012.

Kvoten er den same som for 2011. Det vil også i 2012 verre fri fangst i alle fangstområda.

Kvoten er sett med utgangspunkt i berekningsmodellar som er utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

– Vi har med dette fastsett ein kvote som gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst
på vågekvalbestanden, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen i ei presseemelding.

Berg-Hansen strekar i meldinga under at ein også legg til rette for vidare stabilitet og gode rammevilkår for kvalfangstnæringa.

Forskrift for fangst av vågekval i 2012 vart sendt ut til høyring i januar i år.

Les også: Fangst av vågehval i 2012 23.01.2012
Les også: Kvote på 1286 vågekval i 2011 17.12.2010