Ber om avgjerd om totalkvote for makrell

Makrell. Foto: Havforskningsinstituttet

Fiskerinæringa i EU og Noreg ber i ei felles pressemelding om at regjeringane straks fastset totalkvoten for makrell til 639.000 tonn i 2012.

Bakgrunnen er samanbrotet i kyststatsforhandlingane om makrell sist veke. Ein totalkvote på 639.000 tonn er i samsvar med rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet ICES og med den gjeldande langsiktige forvaltingsplanen for bestanden.

Les også: Beklager resultatløse makrellforhandlinger 21.02.2012

– Når den historiske andelen til Island, Færøyane og Russland er trekt frå, skal resten av totalkvoten fordelast mellom EU og Noreg etter den gjeldande bilaterale avtalen, heiter det i pressemeldinga.

– Det ville vere imot alle prinsipp om rettferd, dersom makrellnæringa i Noreg og EU må tåle ei ytterlegare avgrensing i makrellfisket samstundes som færøyske og islandske fiskarar framleis får store makrellkvotar av eigne regjeringar stikk i strid med vitskapelege råd, heiter det i pressemeldinga.

– Fiskerinæringa i EU og Noreg vil igjen uttrykkje at dei er skuffa og ser med stor uro på at det ikkje blei noko resultat av forhandlingane. Næringa i Noreg og EU støttar fullt ut opp om den felles fråsegna frå EU- kommisær for fiskeri, Maria Damanaki, og den norske fiskeristatsråden Lisbeth Berg-Hansen, der dei fordømer dei fastlåste standpunkta til Island og Færøyane.

I tillegg ber fiskerinæringa i EU om at EU-kommisjonen, Rådet og EU-parlamentet snart bestemmer seg for og faktisk gjennomfører effektive sanksjonar mot Island og Færøyane.

Les meir
Felles pressemelding frå fiskerinæringa i Noreg og EU