Stønad til selfangstnæringa i 2012

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett retningslinjer for stønad til selfangstnæringa i Vestisen i 2012.

Det blir ei todelt støtteordning, der både fartøy- og mottakssida kan få tilskot på bestemte vilkår.

- Opplegget har som mål å medverke til at næringa kan drivast mest mogleg effektivt og lønnsamt. Fiskeridirektoratet vil administrere ordninga og vere ansvarleg for utbetaling av tilskota, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Det vart tidlegare i år fastsett forskrift om regulering av og høve til å delta i fangst av sel i Vestisen og Austisen i 2012. 

Les meir

Les også: Reguleringar for selfangsten i 2011 03.02.2011