Innspel til ny nasjonal transportplan

Fiskeri- og kystministeren fekk i dag saman med samferdselsministeren overlevert forslag til ny Nasjonal transportplan for 2014-2023.

Det var Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor som presenterte og overleverte forslaget.

– Skip innanlands utfører kring 45 prosent av den totale transporten, og sjøtransporten er heilt dominerande i utanrikshandelen. Likevel må meir gods fraktast sjøvegen om vi skal nå måla om betre «framkommelegheit», auka sikkerheit og mindre miljøskadelege utslepp i transportsektoren, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Les også: Samarbeid om strategi for nærskipsfart 08.02.2012

– Tek eit krafttak på sjøtransportområdet

Prognosane fram mot 2040 viser kraftig vekst, både for frakt med skip og frakt med lastebil, men vegtransporten vil auke relativt meir enn sjøtransporten, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

– Regjeringa tek eit krafttak på sjøtransportområdet. Avgiftene er redusert med nesten 90 millionar kroner dei siste tre åra, og vi startar no ein brei gjennomgang av lostenesta. Vi har også teke initiativ til å samle sjøtransportaktørane og brukarane til eit samarbeid, slik at vi i fellesskap kan utforme ein breitt forankra nærskipsfartsstrategi som kan knytast til Nasjonal transportplan. Saman skal vi finne fram til tiltak som kan bidra til å flytte så mykje gods som råd er frå lastebilane til skip, sa Berg-Hansen.

– Analysar viser at rundt 15 millionar tonn gods som i dag går med lastebil kan overførast frå veg til sjø og bane. Eg ser no fram til å setje meg nærare inn i planforslaget frå etatane, og med utgangspunkt i deira grundige analysar og tilrådingar arbeide vidare med å utvikle ein framtidsretta og berekraftig politikk for sjø- og godstransport, sa fiskeri- og kystministeren.

Les også: Tiltak for å styrke sjøtransporten 09.11.2010

Les også: Sjøtransport i Nasjonal Transportplan 02.02.2011