140.000 tonn nordaustarktisk sei i 2013

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 140 000 tonn i 2013. Dette utgjer ein nedgang på 24 000 tonn (14,6 prosent) frå 2012.
 
Trass i at fangstkvantumet av sei nord for 62°N dei siste åra har vore noko lågare enn dei fastsette totalkvotane, er det framleis nedgang i gytebestanden. Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet.

- Etter departementet si vurdering fungerer denne forvaltningsstrategien godt, og seibestanden er forvalta på ein berekraftig måte. Men bestandsutrekningane er usikre, og det er difor nødvendig å følgje bestandsutviklinga nøye, skriv Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) i ei pressemelding.
 
Innanfor den etablerte forvaltningsstrategien og rådet frå ICES kunne kvota ha vorte sett noko høgare, men Havforskingsinstituttet har peika på at fiskeridata som går inn i utrekningane kan ha medverka til ei overvurdering av bestandsstorleiken. Departementet har tatt omsyn til uvissa, samstundes som det vil bli vurdert om det for ettertida kan verte henta inn fiskeridata som i større grad skildrar bestandsutviklinga, heiter det i meldinga frå departementet.
 
Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.