Krev opprydding etter skade på fiskereiskap

Sogn og Fjordane Fiskarlag reiser spørsmål ved kvifor Kystvakta ikkje har reagert og sikra prov, etter at eit seismikkfartøy i sommar skada eit garnbruk på Mørekysten.

Skaden skjedde i eit område som var stengt for seismisk aktivitet. No krev fiskarlaget opprydding i saka.

Då m/s "Sjøgutt" frå Sogn og Fjordane den 14. juli 2009 dreiv fiske på Mørekysten, vart garnbruket påført skadar av seismikkfartøyet "Geo Baltic", går det fram av ei melding på Noregs Fiskarlag sine nettesider.

– Området var stengt for seismikk

Dette var på Møreblokkene, som i denne stortingsperioden er unnateke for olje og seismikkverksemd. No reiser styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag spørsmål om korleis dette kan gå til, og kvifor ikkje kystvakta har vore om bord i seismikkfartyet for å sikre prov i saka.

Fiskarlaget syner til at det i løyvet datert 17.03.2009, frå Oljedirektoratet, og som seismikkfartøyet fekk for perioden 06.04.2009 til 30.09.2009 står fylgjande å lese:

"Vi gjør oppmerksom på at undersøkelsesområdet grenser til (berører) områder hvor det ikke skal drives petroleumsvirksomhet, og vi understreker at det ikke må samles inn data innenfor disse områdene."

Melde frå

Garnsetjingane vart meldt inn til Bruksvakta og Bruksvakta åtvara fiskerikyndig om bord i seismikkfartøyet "Geo Baltic" mot å gå inn i det aktuelle området. Alle opplysningane er loggført hos Bruksvakta på Sortland.

Ingen respons

Etter hendinga vart saka teken opp med Bruksvakta, Kystvakta, Fiskeri- og kystdepartementet, Oljedirektoratet, Fiskeridirektoratet, Statsadvokaten for Sør-Norge, samt meldt til Lensmannen i Bremanger, utan at nokon har reagert eller kome med tilbakemelding, uttalar fiskarlaget.

Myndigheitene vart også oppmoda om å sende Kystvakta om bord i seismikkskipet "Geo Baltic", for å sikre prova i saka, men dette vart, uvisst av kva årsak, ikkje gjennomført.

Set advokat på saka

Sogn og Fjordane Fiskarlag ber no advokaten i Norges Fiskarlag om å forfylgje saka.