Regulering av fisket etter lodde i 2013

Del saken

Illustrasjonsbilde: Lodde: Arkivbilde av loddefangst. Foto: Harald Gjøsæter / Havforskningsinstituttet
Illustrasjonsbilde: Lodde: Arkivbilde av loddefangst. Foto: Harald Gjøsæter / Havforskningsinstituttet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2013.

I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES), vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2013 tidlegare i haust fastsett til 200 000 tonn. Den norske kvoten er på totalt 119 000 tonn. Av dette kvantumet er 4000 tonn sett av til forskings- og undervisningskvotar.

Den norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 prosent til fartøya i ringnotgruppa, 12 prosent til fartøya i trålgruppa og 16 prosent til kystfartøya. Dette gir 82 800 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 13 800 tonn til fartøya i trålgruppa og 18 400 tonn til kystfartøygruppa. Kvotane for det enkelte fartøy vert fastsett av Fiskeridirektoratet.

Loddefisket vert opna 21. januar 2013, ettersom det då er sannsynleg at den vaksne lodda har skilt seg frå umoden lodde. Området innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinja vert opna for loddefiske, men vil verte stengt dersom ein vurderer det som nødvendig av omsyn til attåtfangst. Fisket vert elles i hovudsak gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2012, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Attåtfangst av torsk i loddefisket skal så langt som råd reknast med i uttaket av torsk, og vil verte trekt frå totalkvoten av torsk i 2013.

Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket, må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan utgangen av 6. januar 2013.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2013