Uerfiske i internasjonalt farvatn i 2013

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn i Norskehavet i 2013.

Departementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i 2013 i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) sitt statistikkområde I og II utanfor nokon stats jurisdiksjon.

Reguleringane av fisket etter uer i ICES sitt statistikkområde I og II blir fastsett i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC.

Det er forbode å fiske uer i første halvår. I perioden frå og med 1. juli til og med 31. desember 2013 kan fartøy frå medlemsstatane i NEAFC fiske ein samla kvote på 19 500 tonn.

Berre fartøy som har rett til å delta i dette fisket i år, vil kunne delta i 2013.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES statistikkområder I og II i 2013