Regulering av fisket etter augepål i 2013

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2013.

I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det opna for eit direkte fiske etter augnepål i 2013.

Augnepålbestanden hadde svært sterk rekruttering i 2012 og etter råd frå ICES er det opna for eit direkte fiske frå 1. mars til og med 30. september 2013. Den norske kvoten er førebels på 100 000 tonn, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Forskrifta kan verte justert når ein avtale med EU er klar.