Regulering av fisket etter hestmakrell i 2013

Fiskefartøyet MS Libas. Arkivfoto: Fiskebåt

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2013.

Den norske totalkvoten er på 54 000 tonn. Kvoten utgjer ein reduksjon i høvet til året før.

– Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, kan norske fartøy frå 1. januar berre fiske hestmakrell i norsk økonomisk sone, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei melding.

Fisket etter hestmakrell vert elles gjennomført med tilsvarande reguleringar som for 2012.