Regulering av seifiske nord for 62°N i 2013

Del saken

Illustrasjonsfoto: Sei ved havbunnen. Foto: Havforskningsinstituttet
Illustrasjonsfoto: Sei ved havbunnen. Foto: Havforskningsinstituttet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2013.

Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå den nasjonale kvoten, kan norske fartøy fiske 119 000 tonn sei i 2013.

Totalkvoten for sei nord for 62°N i 2013 er fastsett til 140 000 tonn. Dette er ein reduksjon på 15 prosent frå 2012. Dei fleste kan fiske mykje sei også i 2012. For kystflåten vert det også neste år fritt fiske på sei med garanterte kvotar, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Den norske kvoten er fordelt med 45 220 tonn (38 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, 29 750 tonn (25 prosent) til notfartøya og 44 030 tonn (37 prosent) til trålarane. 350 tonn av kvoten er sett av til agnformål.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 4974 tonn og vert regulerte med ein maksimalkvote på 400 tonn.

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe kan fiske 33 915 tonn og vert regulerte med fritt fiske og ein garantert kvote mellom 8 og 76 tonn avhengig av heimelslengd.

Fartøy i opa gruppe kan fiske 6331 tonn sei i 2013 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar på 8 tonn.

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske ein maksimalkvote mellom 158 og 891 tonn. Det er gitt garanterte kvotar mellom 70 og 395 tonn.

Torsketrålarane kan fiske 35 224 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 8306 tonn etter at det er avsett 500 tonn til å dekkje bifangst i industritrålfisket.

Trålgruppa er regulert med maksimalkvotar og garanterte kvotar. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotane: Fabrikktrålarar 578 tonn, av det 451 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 438 tonn, av det 342 tonn garantert og småtrålarar 254 tonn, av det 198 tonn garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvotar etter ein stige frå 336 tonn til 961 tonn og garanterte kvotar frå 232 tonn til 663 tonn.

Les mer
Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2013